Meny
Tilbake
Artikkelbilde
shadow shadow
28.12.2017 08:00 - oppdatert 28.12.2017 08:00

Ukens Birkebeiner: Vidar Eide

- Ikkje få prestasjonsangst! Det er lov å stille opp om du ikkje er i toppform!

Vidar Eide
Alder: 53
Bosted/klubb: Sandane/Sandane SK og Fjellhug/Vereide IL

Hvilket Birkenarrangement er du påmeldt til i 2018? Foreløpig rittet, men vil også heilt sikkert melde meg på løpet, og også rennet dersom det kjem snø her eg bur! Dei siste åra har det vore svært lite snø på Sandane, og dermed for dårlege treningsforhold på ski for dei som ikkje ønskjer å køyre langt avgarde for å finne preparerte løyper.

Har du deltatt tidligere? -Etter finrekning kjem eg fram til at eg har delteke på 40 Birkebeinerarrangement, både sykkel, ski og løp, har fullført trippelen 4 gongar. Har deltatt på rittet 21 år på rad, men statistikken rauk i år. Då vart eg send til sjukehus med bakterieinfeksjon omtrent samtidig med avreise til rittet. Utruleg bittert. Låg på sjukehuset å følgde med på passeringane til klubbkameratane. Stiller på igjen i 2018!

Har også forsøkt meg ein gong på Ultrabirken, i tidenes tøffaste løype i 2015, og sykla rittet dagen etter.

Siste Birken-deltaking var løpet i 2017. Då utfordra eg son min på 17 år, og melde han på. Då ville mora også vere med. Dette året hadde vi ein utvekslingsstudent, ei 17 år gamal jente frå Australia. Ho ville også vere med. Det fall seg slik at familen hennar skulle kome til Noreg å hente ho den helga, so mora hennar stilde også opp. So dette blei verkeleg ein flott familie-happening! Alle fullførde i fin stil, sjølv om damene frå Australia tykte dette vart veldig gjørmete og tøft!

Hvorfor Birken? -Birken er flotte mål for å holde motivasjonen oppe til å kome seg ut å trene. Dessutan er det sosialt, og det gir ein mestringsfølelse å fullføre slike arrangement

Hvor mye og hva trener du? -Trenar, eller mosjonerar som eg likar å kalle det, 4 - 5 gongar i løpet av veka. Alltid utandørs, har sykla heile året, men litt mindre no enn før om åra. Elles mykje til fots, joggeturar i skogen og fjellturar. Fellestrening intervall ein gong pr. veke frå november og utover vinteren. Fellestreningar på sykkel om sommaren.

Har du et tips til andre eller en kommentar? -Til dei som ikkje har vore med før: Meld deg på eit Birken-arrangement som høver for deg. Dermed har du eit treningsmål, men ikkje lag deg for høge ambisjonar i første omgang. Det gir garantert meirsmak!

Bilde: Før Birkebeinerløpet 2017, frå venstre Elodie de Rover, Anne Gallagher, Vidar Eide, Else Margrethe Larsen og Magnus Eide

 

load articles
Generalsponsor:
Webkamera
Webkamera