Nyheter

Korleis vinne UltraBirken?

IMG_7006

I 2017 syklet eg UltraBirken for andre gong og vann. Året før måtte eg bryte.

Tekst: Lars Granberg  Foto: Terje Lund Olsen

UltraBirken 2016 kom for tidleg etter kragebensbrotet, og eg endte med å bryte etter ein liten time. Det var surt, men samtidig visste eg det var i grenseland om det ville gå. Difor blei UltraBirken 2017 eit naturleg mål for ein liten revansj.

Våren og sommaren 2017 var prega av sånn passe gode resultat. Eit par sigrar blei det, og litt pallplassar elles, så resultatmessig var det ok. Derimot synes eg ikkje eg hadde fått til eit skikkeleg ritt eg kunne sei meg godt nøgd med både gjennomføring og resultat. Så mot slutten av juli sat eg meg som mål å klare å heve forma eit lite knepp slik at eg ville ha god sjans til å vinne UltraBirken. Med ein månads bra trening visste eg det ville vera eit heilt realistisk mål.

Harde og lange treningsturar
Så dei to første vekene i august køyrde eg mange harde, lange treningsturar, med total lengde på 4-7 timar. Fleire av dei med harde intervalldrag i forskjellig lengde og karakter ila dei to - tre første timane. Deretter sti og grus om kvarandre resten av turen, men i eit litt rolegare tempo. Typisk køyrde eg slike økter tre dagar på rad, før eg hadde ein dag med kort, lett trening. For deretter ny tredagers bolk med påfølgande lett dag osv, til dei to første vekene i august var omme. I den tredje veka slapp eg opp litt, for å få tilbake litt overskot. Dvs eg korta litt ned på antal langturar, og korta ned litt på lengda, og mindre tid på høg intensitet. Men eg trente likevel kvar dag for å holde beina og kroppen i gong.

Gjennomkøyring
Siste veka før start var mesteparten av treningsjobben gjort, men eg hadde likevel den, etter mi meining, viktigaste økta igjen. Det er å køyre ganske hardt gjennom løypa tre dagar før start. Dette gjer eg nesten alltid før ritt eg anser som viktige. Av to grunnar. Den eine er å få ein siste ordentleg gjennomkøyring med både god varighet og litt intensitet. Tømme kroppen for både karbolager og krefter for å vonleg få ein siste liten superkompensasjon. Den andre er å få eit bra innblikk i korleis løypa er, då det er særs nyttig mtp gjennomføring. Når det gjeld UltraBirken gir dette ein ekstra fordel i og med at løypa blir offentleggjort først måndag før rittet, og det er ingen moglegheit til å køyre gjennom løypa tidlegare på sommaren. Ein tøff gjennomkøyring såpass nær konkurransen kan fungere godt om ein er på stigande form, og det er eit treningsopplegg som eg veit fungerer bra for meg. Er ein på litt nedgåande formkurve, eller har eit manglande treningsgrunnlag i bånn, kan det fort slå dårleg ut.

Sidan UltraBirken var på laurdagen, betydde det gjennomkøyring på onsdagen. Eg freste gjennom løypa på GPS-spor i eit halvhardt tempo som nok mange ville ha karakterisert som «lapskausintensitet». I tillegg til løypa la eg på litt ekstra så det totalt blei 6,5t tøff treningstur. På kvelden var eg heilt ferdig, men viste då at jobben var gjort, og det einaste som gjenstod var å slappe godt av og ete mykje. Så torsdag låg eg strekk ut for å komme meg igjen. Fredag blei ein kort tur med nokre korte stigningsdrag for å kjenne litt på det, og for å sjekke at sykkelen, ein fulldempa Birk Attack, var 100%.

Ei god oppleving
I sjølve rittet hadde eg full kontroll. Eg kjende tidleg at beina var bra. Sykkelen fungerte perfekt og eg gjorde ingen dumme feil. Bortsett frå det lengste grusstrekket tidleg i løypa var eg åleine i tet omtrent frå start til mål. Sånn sett var det kanskje litt keisamt til tider, men det var også ein god følelse å få bekrefta at gode førebuingar gir avkastning. Eg hadde ein knallfin tur og kunne nyte løypa og veret fullt ut. Når ein også vinn så blei det til ein av årets beste opplevingar på sykkelen.

Eg var ikkje åleine om å ha ei god oppleving med Ultrabirk-deltakinga. Det var, så vidt eg fekk med meg, mest utelukkande blide fjes etter målgang. Fjellet viste seg frå si absolutt beste side sommarstid. Stisykling under slike forhold er ein draum. Eg trur det er mange som kunne ha hatt stor glede av å prøve seg på sti framfor å sykle på grusvegar. Nokre tenker kanskje at dei ikkje har utstyr til det, men dei fleste «Birkensyklar» er heilt fine også til å sykle sti med. Ein fulldempa sykkel med 100 eller 120mm dempervandring gir nok ei betre oppleving enn ein heilstiv sykkel med litt smale grusdekk, men det betyr ikkje at det ikkje går an å prøve med den sykkelen ein har.

Synes ein det er kjekt er UltraBirken tøffare, og etter mi meining ei mykje kulare, utfordring enn å gjennomføre det ordinære Birkebeinerrittet. Dei færraste burde kopiere treningsprogrammet mitt, men det å få nokre lange og litt harde turar på både grus og sti i forkant er inga ulempe. Ikkje ver redde for å ta i litt undervegs. Ver heller ikkje så redd for «sone 2» intensiteten, som mange kallar for lapskaus. Så nokre lange turar i det tempoet er faktisk å anbefale. Det er ikkje farleg å trene på denne intensiteten. Faktisk så vil dei fleste som syklar UltraBirken, eller andre lengre ritt, befinne seg i denne intensiteten mesteparten av konkurransetida! I tillegg veit eg mange, meg sjølv inkludert, som synes at langturar, både på ski, løp og sykkel på «lapskausintensitet» er det kjekkaste. Då går det ganske fort, utan at ein blir altfor sliten. Det er ikkje alltid det er den «riktige» treninga som blir mest funksjonell og nyttig, når alt kjem til alt.

Så har du sykla «grusbirken» tidlegare, og synes den er ganske lett så kikk litt på UltraBirken. Kanskje blir det årets beste sykkeloppleving?

Birk Attack

Lars Granberg vant UltraBirken med Birk Attack XX1 Eagle. Dette er toppmodellen innen rittfulldempere. Nå til 20 % rabatt.

(annonsørinnhold)
Birk Attack
2018-BIRK-Attack-XX1Eagle-front
Kopier URL
Koblingen er kopiert til utklippstavlen
Del på facebook
Til toppen